Sjukepleiar/vernepleiar fortrinnsvis med vidareutdanning innan psykisk helse og rus
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar til vårt LAR-team i Kristiansund.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og behandling av pasientar i LAR
- Behandlingsansvar for eigne pasientforløp
- Medikamenthandtering og oppfølging av legemiddelbehandling
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Bidra til vidare utvikling av behandlingstilbodet
- Dokumentasjon og journalføring i samsvar med gjeldande krav
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie /vernepleie
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rusbehandling, men oppmoder også deg uten vidareutdanning til å søke
- Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er nytenkande, ansvarsbevisst og endringsorientert
- Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø
- Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Eit erfarent tverrfagleg arbeidsmiljø
- Regelmessig rettleiing og fagutvikling
- Moglegheit for kurs og kompetanseheving
- Arbeidstid er p.t dagtidsstilling utan turnusarbeid (08.00-16.00)
- Stor grad av sjølvstende i arbeidshverdagen
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar? Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær.
Les meir om Kristiansund og Nordmøre her!
Kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon
Not included in the source posting: what you'll do, qualifications, benefits.
Who can apply
The employer didn't state any visa, work authorization, citizenship or clearance requirements in this posting. Confirm with the employer before applying.
Read automatically from the employer's posting text. Always confirm with the employer — requirements can change after a job is published.